folkformarsystem

Betre samfunn gjennom betre organisasjonar

Korleis gjere det du veit om til meir handling?

Vårt utgangspunkt er dette: der finst alltid eit handlingsrom. Difor startar me alltid med å forstå konteksten og det som er gjort frå før, slik at me støttar opp om og forsterkar det arbeidet som alt er i gang. Målet vårt er å byggje utviklingskapasiteten der den skal brukast, slik at me ikkje trengst lenger enn nødvendig. Me startar med det de sjølve kan påverke, i små steg, med synlege resultat undervegs og minst mogleg risiko. Og viktigast: ei varig evne til å gjere det de veit de burde gjere, om til handling.

Kva som blir betre

  1. 1

    Betre ressursbruk

    Meir av tida og pengane går til det som verkar. Mindre går til rapportering, venting og dobbeltarbeid.

  2. 2

    Betre trivsel

    Folk får bruke dømmekrafta si og ser at det dei gjer, betyr noko. Det gjer det lettare å bli, og lettare å rekruttere.

  3. 3

    Betre produkt og tenester

    Tenestene blir laga saman med dei som brukar dei, og justerte undervegs når de lærer noko nytt.

  4. 4

    Betre samhandling

    Fag og einingar løyser saker saman i staden for å sende dei mellom seg. Innbyggjaren slepp å vere bodbringar.

  5. 5

    Raskare tempo

    Avgjerder blir tekne nær dei som veit mest. Små steg kjem i gang no, og kan gjerast om om dei ikkje verkar.

Kontakt oss

For deg som vil etterprøve oss

Effektane kjem ikkje av seg sjølv. Me jobbar alltid i fire område, med trua på folk som utgangspunkt. Her kan du lese kva me byggjer på.

Å vere, heller enn å framstå

Me er Helle Selseng og Joakim Systaddal. Dei siste åra har me jobba med å drive utvikling på tvers i ein kommune, med eit fagleg fundament i Beyond Budgeting, medleiing, designtenking og systemtenking. Me er ein del av eit skandinavisk nettverk av praktikarar som jobbar for meir menneskelege og tilpassingsdyktige organisasjonar, og har kundar og oppdrag i Noreg og Danmark.

Meir om folka